ANDRE BUNADER

Finn riktig sølv til din Bunad her!

Askøy


Til Askøybunaden vert det brukt oksidert sølv med blant anna ei nydeleg hjartesølje og ei rosesølje. Beltestølane har eit asketre-motiv, lik som på kommunevåpenet til Askøy.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Askøy

Aust-Agder


Dame: Halsknapp/halsring og to søljer i halssplitten. Bolesølje og evt. slangesølje, rosesølje og/eller hjartesølje. Mansjettknappar, 3 par maljer, kjeder med spyd, spenner og 14-18 knappar.

Herre: Dobbel halsknapp eller hornring, mansjettknappar og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Aust Agder

Aust-Telemark


Dame: Sølvet består av ein halsring og/eller hornring samt bøheradsring, slangesølje og bolesølje, mansjettknappar, 3-6 par maljer, beltespenner, og veskelås.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Aust Telemark

Austevoll


Damebunaden frå Austevoll brukar forgylt halsknapp og sølje, samt mansjettknappar i oksidert eller kvitt sølv. I tillegg treng du maljeringar og kjede. Gifte brukar gjerne stølebelte. Herrebunaden har forgylt halsknapp, knappar til vest, jakke og knebukse, samt mansjettknappar.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Bardu-Måselv


Damebunad: Oksidert sølv, men kvitt/forgylt sølv kan også brukast. Du treng ei halssølje og ei hovudsølje samt mansjettknappar, veskelås og hekter til livet. Herrebunad: Halssølje, mansjettknappar, knappar og vest- og knespenne i oksidert sølv.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Beltestakken


Til Beltestakken som er mest vanleg i Midt-Telemark, treng du halsring og/eller hornring, byggkornring eller bøheradsring i tillegg til slangesølje og bolesølje. I tillegg kjem mansjettknappar og 3-6 par maljer, spenner og eventuelt veskelås.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Bergen


Sølvet har utgangspunkt i ei sølje laga i 1870 og som seinare vart vidareutvikla med motiv inspirert av paraplyen og regndråper. Sølvet består av ei halssølje, bringesølje, mansjettknappar, maljer og kjede med spyd. I tillegg kjem capespenne, veskelås og bunadsbelte.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Bergen

Bømlo


Det same bunadsølvet vert brukt til Bømlo, Stord og Fitjar. Kvitt og forgylt sølv er mest vanleg, men du kan også velja oksidert dersom du har blått eller grønt liv. Du treng halsknapp, sølje, mansjettknappar, borer, beltespenne, maljer og kjede. I tillegg kan du ha capespenne og stølebelte.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Dovre


Mykje av sølvet til Rondastakken og Dovrebunaden er likt. Det vert brukt ei halssølje, gjerne med heng og mansjettknappar. Nokon brukar ei sølje under halssølja i tillegg. Dovrebunaden har også sølvbelte og veske.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Dovre

Fana


Til Fanabunaden vert det brukt forgylt bunadsølv. Her finn du komplett utval av søljer og anna sølv som høyrer til dame- og herrebunaden.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Fana

Follo


Det er ikkje utforma eige sølv til Follo, men det er vanleg å bruka ei halssølje med heng saman med ei filigransølje med ringlauv i kvitt og forgylt sølv. Oksidert sølv kan også brukast. Beltet er i stoff med forgylte stølar og spenne med ringlauv.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Follo

Fusa


Til den fargerike damebunaden frå Fusa treng du kvitt/forgylt sølv med ei sølje, halssølje, beltespenner, borenåler, maljer og kjede og mansjettknappar. Herrebunaden har halsknapp og mansjettknappar til skjorte samt knappar til vest og bukse.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Graffer


Sølvet tar utgangspunkt i bevarte draktsølv frå Gudbrandsdalen. Mest vanleg er Gudbrandsdalsknappen og gjerne ei sølje i tillegg, samt mansjettknappar og veskelås. Sølvbelte er også mykje brukt i dag.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Graffer

Gudbrandsdalen


Sølvet tar utgangspunkt i gamalt draktsølv frå Gudbrandsdalen. Mest brukt er Gudbrandsdalsknappen eller ei hjarteforma sølje og eventuelt ei bringesølje med heng samt mansjettknappar og veskelås. Nokon brukar også sølvbelte. Herrebunaden har dobbel halssølje, mansjettknappar, kne-spenne og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Gudbrandsdalen

Hallingdal


Dame: Sølvet består av ein liten halsring, ei større bringesølje, mansjettknappar, spenne og kjede. Sølvet kan vera oksidert eller kvitt/forgylt.Herre: Ei halssølje eller skjortering, mansjettknappar og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Katalog: Hallingdal

Hallingstakk, Foldadås & Rukkastakk


Hallingstakken treng ei lita sølje/nål i halsen og ei større på bringa. I tillegg vert det brukt ei Olinenål, mansjettknappar og skinnbelte. Til Foldadås og Rukkastakken vert det brukt hallingspenne og –kjede, i tillegg til ei lita og ei større sølje samt mansjettknappar og sølvbelte.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Hardanger


Sølvet til Hardangerbunaden består av halssølje, ansiktssølje, beltespenner og mansjettknappar i kvitt/forgylt sølv. Gifte kvinner brukar gjerne sølvbelte, breikjede med dalar og fangbelte. Til herrebunaden er det vanleg med halssølje, mansjettknappar, kne- og vestspenne i oksidert sølv.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Hardanger

Hardanger vinterbunad


Det er vanleg med ei lita sølje eller ei dobbel halssølje og ei skålsølje i bringa. Spenner, maljer kjem i tillegg. Mange brukar det same forgylte sølvet som dei har til festbunaden, men oksidert sølv er også mykje brukt. Kniv, klokke med kjede og stabbursnøklar er fint tilbehør.

Katalog: Her finner du et bredt utvalg av produkter – Askøy

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Hedmark


Det er ikkje utarbeidd eige sølv til Hedmarksbunaden, men det er vanleg å bruka hjartesøljer i ulike modellar og lengder. I tillegg kjem 5 par maljer, trekkekjede, mansjettknappar og veskelås. Kniv, stabbursnøklar og klokke med klokkekjede er fint tilbehør.

Katalog: Her finner du et bredt utvalg av produkter – Askøy

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Kvinnherad


Damebunaden frå Kvinnherad brukar forgylt bunadsølv. Du treng ei halssølje, ei hovudsølje, gjerne med farga stein, og beltespenner. Gifte kvinner brukar gjerne sølvbelte. Vinterbunaden for Kvinnherad brukar oksidert sølv.

Katalog: Her finner du et bredt utvalg av produkter – Askøy

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Kystsølv


Katalog: Her finner du et bredt utvalg av produkter – Askøy

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Landingsdrakt


Det var ikkje utforma eige sølv til Landingsdrakta frå starten av, men seinare vart det vanleg med ei stjernesølje i halsen og ei rosesølje med ringar i bringa. I tillegg kjem eit firkanta spenne i livet og mansjettknappar.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Lofoten


Til Askøybunaden vert det brukt oksidert sølv med blant anna ei nydeleg hjartesølje og ei rosesølje. Beltestølane har eit asketre-motiv, lik som på kommunevåpenet til Askøy.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Lundeby


Lundebydrakta vart komponert rundt 1930 av kunstmålaren Alf Lundeby, og har vore spesielt populær i Oppland og Solør-Odal. Det er vanleg å bruka ei halssølje saman med ei større sølje med filigran, og mansjettknappar på skjorta. Det vert brukt svart skinnbelte med oksiderte stølar og hjartespenne.

 

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Meldal


Sølvet til damebunaden frå Meldal består av filigransølje med heng, den såkalla Meldalssølja som er i to ulike storleikar, hekter til liv og cape, og mansjettknappar til skjorta. I tillegg kjem veskelås i messing eller plett, øyrepynt og ring.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Namdal


Namdals-bunaden kom til på midten av 1950-talet. Sølvet består av ei halssølje og ei bringesølje (bursølje), begge med heng med solhjul og spirlauv. I tillegg kjem hekter til livet, mansjettknappar og veskelås. Kniv og klokke er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Nedre Buskerud


Kvinnebunaden frå Nedre Buskerud vart utarbeidd på 1930-talet. Sølvet består av ein korstornring som skal festast i halsen på skjorta, bringesølje med ringlauv, mansjettknappar, beltespenne, capespenne, veskelås, maljer og kjede med spyd. I dag er det mange som også brukar sølvbelte.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Nord-Trøndelag


Kvinnebunaden frå Nord-Trøndelag finst i tre variantar med ulik broderi. Sølvet består av ei stor sølje øvst i vesten og ei lita sølje i halsen, begge med ringlauv. I tillegg kjem 2 par hekter, mansjettknappar og veskelås.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Nordfjord


Dame: Nordfjordbunaden brukar gjerne ei halssølje med heng og grøn stein og ei bringesølje samt 3 par maljer og kjede med spyd. Sølvbeltet har borer og spenne med grøn stein.Herre: Sølvet består av halssølje med heng, mansjettknappar, knappar og kne- og vestspenne.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Nordhordaland


Det vert brukt ei lita sølje eller ei halssølje i skjortelinninga og ei større sølje i bringa. Livet har påsette borer. Gifte kvinner har gjerne sølvbelte.Til herre består sølvet av ein enkel eller dobbel halsknapp, knappar, mansjettknappar og kne- og vestspenne.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Nordhordaland vinterbunad


Vinterbunaden til Nordhordland brukar oksidert sølv som består av ei lita sølje eller ei halssølje i skjortelinninga og ei større sølje i bringa. Livet har påsette borer. Gifte kvinner brukar ofte sølvbelte.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Nordland


Sølvet til Nordlandsbunaden tar utgangspunktet i broderiet. Det er vanleg med ei stor og ei mindre sølje, mansjettknappar og vestspenner samt sjalfeste, veskelås og capespenne. Sølvet til herre består av ein enkel halsknapp, mansjettknappar, små og store knappar og kne-spenner.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Nordland

Nordmøre


Dame: Sølvet til Nordmørsbunaden består av ei halssølje med heng, mansjettknappar, offerdåse og sølvbelte.Herre: Herrebunaden til Nordmøre har halsknapp og mansjettknappar i sølv, medan knappar og spenner er i messing. Kniv og lommeur med kjede er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Numedal Brodert


Den broderte Numedalsbunaden byggjer på gamalt draktmateriale frå 1700-talet og framover. Det vert brukt ein liten halsring øvst i skjorta og ei bringesølje, med eller utan heng. I tillegg kjem kjede og spenne med lauv, mansjettknappar og 4 knappar til livet. Sølvbelte og veskelås høyrer også med.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Numedal Flesbergdrakt


Flesbergdrakta er ei direkte vidareføring av folkedrakttradisjonane i Numedal. I halsen på skjorta vert det brukt ein liten halsring eller ei lita sølje med lauv. I tillegg vert det gjerne brukt ei bringesølje med lauv. Kniv, stabbursnøklar og klokke med klokkekjede er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Numedal Gråtrøye


Her er det vanleg med oksidert sølv. Ein brukar halsring eller hornring i skjorta og mansjettknappar. Gråtrøya har også 6 store og 2 mindre messingknappar på bukseklaffen og 4 sølvknappar og spenne på knelinninga. Vesten er dobbelspent med 16 sølvknappar og 2 på kvar lomme.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Numedal Rundtrøye


Her er det vanleg med oksidert sølv og ein brukar halsring eller hornring øvst i skjorta, og mansjettknappar i ermelinninga. Rundtrøya og Korttrøya (Stuttrøya) brukar også 12 store knappar på trøya og 10-12 små knappar på vesten.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Numedal Skjælingsdrakt


Skjælingsdrakta byggjer på draktskikken slik den var i Øvre Numedal i andre halvdel av 1800-talet. Det vert brukt ein skjortering eller ein hornring i halsen på skjorta, mansjettknappar, 10-12 knappar på livet og 2 knappar ved ermesplitten på trøya.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Olavsrosen


Sølvet med Olavsrosen vert brukt i ulike distrikt, bl.a. Møre og Romsdal, Trøndelag og Rogaland. Kjenneteikn ved sølvet er 5-bladsrosa som var eit av symbola Olav den Heilage nytta. Kniv, stabbursnøklar og klokke med klokkekjede er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Oppdal


Sølvet til bunaden frå Oppdal er kopiert frå gamle modellar og består av ei stor halssølje med heng, mansjettknappar, spenne til cape og veskelås i messing. Gifte kvinner kan bruka offerdåse eller Agnus Dei med kjede. Øyrepynt, ring og lommeur med kjede er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Os


Damebunaden frå Os brukar ei halssølje, bringesølje, mansjettknappar og spenne. Det er vanleg med oksidert sølv til det grøne livet. Til det mørkeraude er det valfritt kvitt/forgylt eller oksidert sølv. Sølvet til herre består av ein dobbel halsknapp, mansjettknappar, kne- og vestespenne og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Østerdal


Sør-Østerdalsbunaden vart revidert i 1960-åra etter gamle draktmateriale frå slutten av 1700-talet. Stoff og fargar på dei ulike plagga varierer. Det er vanleg å bruka ei hjartesølje på bringa og mansjettknappar på skjorta. Herrebunaden har halssølje samt knappar på trøye, vest og bukse.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Østfold


Dame: Du treng ei hjartesølje, maljer med kjede, hjarteforma beltespenne, sjalsnåler og beltestølar. Veskelåsen vert levert i sølv eller plett.Herre: Sølvet består av knappar, mansjettknappar, halssølje og spenne til knebuksa.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sølvet til Nordlandsbunaden tar utgangspunktet i broderiet. Det er vanleg med ei stor og ei mindre sølje, mansjettknappar og vestspenner samt sjalfeste, veskelås og capespenne. Sølvet til herre består av ein enkel halsknapp, mansjettknappar, små og store knappar og kne-spenner.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Rennebu


Bunaden til Rennebu vart utarbeidd tidleg på 1950-talet. Bunaden tek utgangspunkt i draktmateriale frå Rennebu, hovudsakeleg frå midten på 1800-talet. Sølvet består av sølje, spenne, mansjettknappar og veskelås. Øyrepynt, ring, stabbursnøkkel og kniv er fint tilbehør for dei som ynskjer noko ekstra.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Ringerike


Broderiet til bunaden frå 1952 er kopiert frå eit ca. 200 år gamalt tøystykke som er å finna på Ringerikes Museum. Sølvet består av halssølje, bringesølje, maljeringar, kjede med spyd, mansjettknappar og veskelås. I dag er det i tillegg mange som brukar sølvbelte til Ringeriksbunaden.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Rogaland Filigran


Sølvet består av halssølje med heng, bringesølje, 4-5 par maljer, mansjettknappar, sjalfeste, beltespenne og kjede med spyd og lauv. Veskelås høyrer naturleg med. Gifte kvinner brukar ofte sølvbelte. Til herrebunaden treng du halssølje, mansjettknappar, knappar og kne-spenner.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Rogaland Filigran

Rogaland Gravert


Gravert, kvitt sølv til Rogalandsbunaden består av halssølje med heng, bringesølje, 4-5 par maljer, mansjettknappar, sjalfeste, beltespenne, kjede med spyd og lauv og veskelås. Gifte kvinner kan bruka sølvbelte. Herrebunaden må ha halssølje, mansjettknappar, knappar og kne-spenner.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Rogaland Gravert

Rogaland Støypt


Oksidert, støypt sølv til Rogalandsbunaden består av halssølje med heng, bringesølje, 4-5 par maljer, mansjettknappar, sjalfeste, beltespenne, kjede med spyd og lauv og veskelås. Gifte kvinner brukar ofte sølvbelte. Herrebunaden må ha halssølje, mansjettknappar, knappar og kne-spenner.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Rogaland Støypt

Romsdal


Dame: Sølvet består av «Romsdalsknappen» øvst i halsen, «Romsdalssølja» med ringlauv som skal festast på livet, mansjettknappar, capehektar og veskelås.Herre: Til herre treng du ei halssølje, mansjettknappar, spenne og knappar til vest og bukse, samt knappar til trøye.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.


Til den rekonstruerte Romsdalsbunaden treng du ein halsknapp med heng, ei lita sølje i bringa som skal festast på skjorta, mansjettknappar, sølvbelte og capespenne. Gifte kvinner kan i tillegg bruka offerdåse. Øyrepynt og ring er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Rondastakk


Mykje av sølvet til Rondastakken og Dovrebunaden er likt. Det vert brukt ei halssølje, gjerne med heng og mansjettknappar. Nokon brukar ei sølje under halssølja i tillegg.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Samnanger


Damebunaden frå Samnanger har ein halsknapp, sølje og mansjettknappar i tillegg til beltespenner, maljeringar og kjede. Gifte kvinner har gjerne stølebelte. Herrebunaden har ein dobbel halsknapp, mansjettknappar og knappar til trøye vest og knebukse.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sigdal-Eggedal


Sølvet til Sigdal-Eggedal består av ein halsring, ei eller to søljer og mansjettknappar. Du treng også hekter til trøya samt capespenne dersom du har cape. Herrebunaden har ein dobbel halsknapp, mansjettknappar og krosstornring i skjorta, samt knappar på vest og bukse.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sogn


Dame: Det er vanleg å bruka ei dobbel halssølje, gjerne med raud eller grøn stein og ei stor bringesølje med lauv samt 3 par maljer, kjede med spyd, mansjettknappar, veskelås og sølvbelte.Herre: Sølvet består av ei dobbel halssølje, mansjettknappar, kne-spenne og knappar til vest, trøye og bukse.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sotra


Sotrabunaden kom til i 1950-åra og byggjer på funn frå gamle draktdelar i Bergen. Sølvet består av halssølje, med eller utan stein, bringesølje, borer til livet, maljeringar, beltespenne, kjede med spyd og mansjettknappar. Gifte kvinner har sølvbelte med raud stoff- eller skinnlist.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sunnfjord


Dame: Sølvet byggjer på gamalt draktsølv og består av ei dobbel halssølje, gjerne med grøn stein, mansjettknappar, 3 par maljer, kjede med spyd, veskekrok og beltespenne.Herre: Sølvet består av ei dobbel halssølje, mansjettknappar, kne-spenne og beltespenne, anten i messing eller i oksidert sølv.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sunnhordland


Dame: Sølvet består av halssølje, bringesølje med heng, maljeringar, kjede med spyd og mansjettknappar kvitt og forgylt sølv. Gifte kvinner har gjerne sølvbelte.Herre: Sølvet består av ein enkel eller dobbel halsknapp, mansjettknappar, kne- og vestespenne og knappar i oksidert eller kvitt sølv.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Sunnmøre


Sunnmørsbunaden har oksidert og kvit/forgylt sølv. Sunnmørsknappen eller Märthaknappen er mykje brukt, i tillegg til ei større sølje, mansjettknappar og veskelås. Mange brukar sølvbelte i dag. Herrebunaden har ei enkel eller dobbel halssølje, mansjettknappar, kne-spenne og små og store knappar til trøye, vest og bukse.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Troms


Sølvet tar utgangspunkt i gamle sølvknappar ved Tromsø Museum. Sølvet består av ei halsnål, ei større bringesølje, mansjettknappar og knappar til livet. Nordland og Troms har felles herrebunad, men sølvet er ulikt. Kniv og klokke med klokkekjede er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Trønderbunad


Dame: Du treng ei bursølje/ring i halsen, bringesølje med ringlauv, to par hekter til livet og mansjettknappar. Agnus Dei med filigran og kjede er og mykje brukt. Veskelåsen er anten i messing eller sølvplett.Herre: Sølvet består av ein halsknapp med heng, mansjettknappar, kne-spenne og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Tysnes


Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Valdres


Valdres er rik på sølvtradisjonar, og det finst fleire val av sølv til bunaden. Sølvet består av halssølje eller halsring, bringesølje, mansjettknappar, veskelås og sølvbelte. Mange brukar 5 mm avstand mellom stølane på beltet. Kniv og klokke med klokkekjede er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Vest-Agder


Damebunad: Det er vanleg med dobbel halsknapp og halsring samt hjartesølje eller bolesølje. I tillegg kjem veskebøyle, maljeband, mansjettknappar, knappar, hekter og kjede med spyd.Herre: Dobbel halsknapp øvst i skjorta med halsring under samt mansjettknappar og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

 

Katalog: Vest Agder

Vest-Oppland


Sølvet vårt til Vestopplandsbunaden er oksidert og består av halssølje, sølje og mansjettknappar til trøya. I tillegg kjem maljeringar, kjede med spyd og veskelås. Øyrepynt, ringar og stabbursnøkkel er fine tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Vest-Telemark


Du treng ein halsring og/eller hornring øvst på skjorta og bøheradsring og/eller slangesølje og bolesølje. I tillegg treng du mansjettknappar, 3-6 par maljer med lenkje, beltespenner og veskelås. Øredobber og ring, samt klokke med klokkelenkje er fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Vestfold


Dame: Sølvet består av ein halsring og 1-2 søljer på skjorta samt beltespenne, mansjettknappar, veskelås, 4 par maljer og kjede med spyd. Mange brukar også sølvbelte.Herre: Til herrebunaden med raud trøye er det vanleg med ein dobbel halsknapp, mansjettknappar, kne- og vestespenne og knappar.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Voss


Til festbunaden på Voss vert det brukt forgylt og kvitt sølv, med ansiktssølje som hovudsølje.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.

Voss Vinterbunad


Vinterbunaden er i dag mykje brukt på Voss. Det er vanleg med oksidert sølv med 7 knappar til «rukkatrøya», halssølje, breikjede og ei hovudsølje. Sølvbelte høyrer frå gamalt av ikkje til, men i dag er det likevel mange som likar å bruka dette. Klokke med klokkekjede og kniv kan vera fint tilbehør.

Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.