Sylvsmidja
Bunadsølv fra Sylvsmedja
Med lidenskap for håndverket har Sylvsmidja i over 80 år skapt bunadsølv av høyeste kvalitet. I dag er Sylvsmidja Norges ledende produsent av det som gjør bunadene ekstra strålende. Vi kan skaffe alle søljer fra Sylvsmidja.

Askøy
Til Askøybunaden vert det brukt oksidert sølv med blant anna ei nydeleg hjartesølje og ei rosesølje. Beltestølane har eit asketre-motiv, lik som på kommunevåpenet til Askøy.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Aust-Agder
Dame: Halsknapp/halsring og to søljer i halssplitten. Bolesølje og evt. slangesølje, rosesølje og/eller hjartesølje. Mansjettknappar, 3 par maljer, kjeder med spyd, spenner og 14-18 knappar.
Herre: Dobbel halsknapp eller hornring, mansjettknappar og knappar.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Aust Agder
Aust-Telemark
Dame: Sølvet består av ein halsring og/eller hornring samt bøheradsring, slangesølje og bolesølje, mansjettknappar, 3-6 par maljer, beltespenner, og veskelås.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Aust Telemark
Austevoll
Damebunaden frå Austevoll brukar forgylt halsknapp og sølje, samt mansjettknappar i oksidert eller kvitt sølv. I tillegg treng du maljeringar og kjede. Gifte brukar gjerne stølebelte. Herrebunaden har forgylt halsknapp, knappar til vest, jakke og knebukse, samt mansjettknappar.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Bardu-Måselv
Damebunad: Oksidert sølv, men kvitt/forgylt sølv kan også brukast. Du treng ei halssølje og ei hovudsølje samt mansjettknappar, veskelås og hekter til livet. Herrebunad: Halssølje, mansjettknappar, knappar og vest- og knespenne i oksidert sølv.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Beltestakken
Til Beltestakken som er mest vanleg i Midt-Telemark, treng du halsring og/eller hornring, byggkornring eller bøheradsring i tillegg til slangesølje og bolesølje. I tillegg kjem mansjettknappar og 3-6 par maljer, spenner og eventuelt veskelås.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Bergen
Sølvet har utgangspunkt i ei sølje laga i 1870 og som seinare vart vidareutvikla med motiv inspirert av paraplyen og regndråper. Sølvet består av ei halssølje, bringesølje, mansjettknappar, maljer og kjede med spyd. I tillegg kjem capespenne, veskelås og bunadsbelte.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Bergen
Bømlo
Det same bunadsølvet vert brukt til Bømlo, Stord og Fitjar. Kvitt og forgylt sølv er mest vanleg, men du kan også velja oksidert dersom du har blått eller grønt liv. Du treng halsknapp, sølje, mansjettknappar, borer, beltespenne, maljer og kjede. I tillegg kan du ha capespenne og stølebelte.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Dovre
Mykje av sølvet til Rondastakken og Dovrebunaden er likt. Det vert brukt ei halssølje, gjerne med heng og mansjettknappar. Nokon brukar ei sølje under halssølja i tillegg. Dovrebunaden har også sølvbelte og veske.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Dovre
Fana
Til Fanabunaden vert det brukt forgylt bunadsølv. Her finn du komplett utval av søljer og anna sølv som høyrer til dame- og herrebunaden.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Fana
Follo
Det er ikkje utforma eige sølv til Follo, men det er vanleg å bruka ei halssølje med heng saman med ei filigransølje med ringlauv i kvitt og forgylt sølv. Oksidert sølv kan også brukast. Beltet er i stoff med forgylte stølar og spenne med ringlauv.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Follo
Fusa
Til den fargerike damebunaden frå Fusa treng du kvitt/forgylt sølv med ei sølje, halssølje, beltespenner, borenåler, maljer og kjede og mansjettknappar. Herrebunaden har halsknapp og mansjettknappar til skjorte samt knappar til vest og bukse.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Graffer
Sølvet tar utgangspunkt i bevarte draktsølv frå Gudbrandsdalen. Mest vanleg er Gudbrandsdalsknappen og gjerne ei sølje i tillegg, samt mansjettknappar og veskelås. Sølvbelte er også mykje brukt i dag.
Bunadsølv laga på Voss med livstidsgaranti.
Katalog: Graffer